Bronkitt

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 5. mai 2020 kl. 01:12 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{utav}}» til «av»)

Bronkitt er ein obstruktiv lungesjukdom som er karakteristert ved betennelse i bronkiane i lungone. Bronkitt kan vara akutt eller kronisk. Kronisk bronkitt, som i dei fleste falla rammar tobakksrøykjarar, industriarbeidarar med föroreinsa arbeidsmiljø og byfolk frå område med sterk partikkelluftföroreinsing eller , blir klinisk definert som kronisk hoste som er produktiv med sputum (oppspytt frå lungone) minst tre månader samenhengande i minst to påfølgjande år. Kronisk bronkitt (s.d.) er ein av sjukdommane som er inkludert i KOLS (kronisk obstruktiv lungesjukdom).

Symptom og tekn

Diagnose

Mal:DEi fleste dokterane vil legge vekt på vedvarande törr eller produktiv hoste som tekn på bronkitt. Ved lytting til lungone vil ein gjerne høre auka surklande bilydar (rhonchi) og förlenga ekspirasjonsfase (utpust). Andre element i diagnosen inkluderer måling av feber og måling av oksygenmettinga i blodet (ofte målt med ei fingerklype). Dokteren spör gjerne pasienten om andre opplysningar som kan vara til hjelp för diagnosen, för eksempel: «Kor lenge har du havt den hosten?», «Har du havt feber? Kor høg og kor lenge?», «Kjenner du smerte eller obehag i bringa?», «Er du allergisk mot noko?», «Røykjer du?», «Er det mykje luftföroreinsing der du bur eller arbeider?» og så vidare.

I somme fall kan dokteren be om ein sputumkultur. Slim frå hosten ått pasienten vil da bli testa för spesifikke bakteriar som kan liggja under sjukdommen.

Diagnosen av akutt bronkitt kan støttast ved funn av heving av mellomgolvetrøntgenbilde.

Den aktuelle differensialdiagnosen er først og fremst lungebetennelse. Oftast, men langt ifrå allveg, vil ein finne at pasientar med lungebetennelse har høgare og meir langvarig feber og dårligare allmenntilstand.

Patofysiologi

Akutt bronkitt kjem ofte som fölgje- eller ettersjukdom til forkjølelsar eller andre infeksjonar. Bronkitten kan vara viral (og dermed umulig å behandle med antibiotika) eller bakteriell. Det sistnemnte er mindre vanlig, men i slike fall vil ein antibiotikakur oftast hjelpe. Akutt förverring av kronisk bronkitt kjem ofte av infeksjonar og er oftast bakteriell; enten i utgangspunktet eller som fölgjesjukdom.

Behandling

Pasientar med akutt bronkitt bør drikke rikelig med væske (særlig vatn). Mange dokterar ser no at akutt bronkitt oftast er viral, så antibiotika vil ikkje hjelpe. I staden vil dei pasientane som ikkje elles hører med til risikogruppor rett og slett få råd om å sørgje för å få rikelig med kvile, mykje væskeinntak og aspirin eller paracetamol för feberen. I somme fall vil doktoren gje pasienten eit kortisonpreparat for å hjelpe til med å halde bronkierøra opne så hosten kan vara meir produktiv.

Pasientar med KOLS som viser tekn på akutt bronkitt vil oftare bli behandla med antibiotika — både fördi det er meir trulig at bronkitten er bakteriell og fördi risikoen för langtidsskadar ved obehandla akutt bronkitt er høgare i den gruppa. Ei særgruppe er pasientar med alfa 1-antitrypsinmangel og diagnostisert KOLS: Risikoen for skade på lungevevet er så høg i den gruppa at ein som hovudregel gjev antibiotika ved alle lungeinfeksjonar som kan vara bakterielle.

Hosting er viktig for å hjelpe til med å få ut slimet som finst i dei betente bronkierøra. Slimløysande preparat kan gjera slimet meir tyntflytande så det blir lettare å hoste det opp.

Prognose

Akutt bronkitt varar oftast kring 10–11 dagar. Han kjem ofte samen med eller rett etter förkjølelse eller influensa, men ein kan òg få akutt bronkitt åleine. Akutt bronkitt er smittsam, og han begynner gjerne med törrhoste — gjerne om natta. Etter nån få dagar går hosten over til å bli meir produktiv, og det er vanlig å få ein låg feber (gjerne kring 38 °C), utmattelse og haudpine. Feberen og utmattinga kan vara ned til nån få dagar, men den produktive hosten kan vara fleire vekkor.

Sjå òg


GNU-logoen

Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon