Historisk oppføringspraksis

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 4. mai 2020 kl. 19:09 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
Frå ein konsert på Ringve Museum under Ringve Internasjonale Sommerkurs i 1987. Jaap Schröder dirigerer.
Foto:Øyvin Dybsand

Historisk oppføringspraksis, òg ofte kalla musikk på originalinstrument, historisk informert oppføringspraksis o.a., byggjer på idéen at musikk helst skal oppførast på instrumenttypar og med teknikk og tolking som er mest muleg likt det som var sétt på som idealet i den tida musikken vart skreven. Dette er eit grunnleggande prinsipp for tidlegmusikkrørsla.