Ṣiṣít

Frå Alnakka.net
Øvst: asjkenazisk ṣiṣít (7-8-11-13) utan tekhélet. Nedst: sefardisk ṣiṣít (10-5-6-5) med tekhélet.

Ein ṣiṣít (hebr. צִיצִת el. צִיצִית [ṣīṣīt]; fleirtal ṣiṣijjót), òg skrive tsitsit og tzitzis, er ei hjørnefrynse på ein tallét (bønesjal).

Tekhélet

Fram til 800-talet hadde ṣiṣijjót, som generelt er kvite, éin tråd farga med det blåe fargestoffet tekhélet. Etter den tid er tilverkingsmåten for tekhélet vorte glømt, og hovudsynet i rabbinsk jødedom er at ein ikkje kan bruke andre fargestoff for blåfargen i ṣiṣijjót enn den originale tekhélet. Det er derfor vanlegast i nyare tid å sjå einsfarga kvite ṣiṣijjót. Etter karaittisk jødedom kan kva blått fargestoff som helst som er ljøs- og vaskeekte bli bruka til tekhélet. To mindre grupper av rabbinske jødar brukar i dag tekhélet i sine ṣiṣijjót, men båe dei to variantane er sterkt omstridde.

Sjå òg