Ḥol hammongéd

Frå Alnakka.net

Ḥol hammongéd (hebr. חוֹל הַמּוֹעֵד), eller (los) medianoskastiljansk, er romhelga mellom dei viktigare, fulle helgdagane først og sist i dei jødiske høgtidene pesaḥ og sukkót.

Den tradisjonelle helsinga under ḥol hammongéd er «Buenos medianos!» blant portugisarjødar og osmanske sefardím, og «Gut mòjed!» eller «A guttn mòjed!» blant asjkenazím.

Under ḥol hammongéd gjeld dei generelle forskriftene for kvar høgtid. Dermed et ein ikkje ḥaméṣ (gjæra brød o.l.) under ḥol hammongéd pesaḥ, og ein et i sukkáen og gjer netilàt luláb under sukkót.

Ḥol hammongéd skil seg ut frå helgdagane først og sist i desse høgtidene ved at det er lov å gjera nødvendig arbeid og å drive med handel om ein treng det så lenge det ikkje er sjabbát.