Ḥóled

Frå Alnakka.net

Ordet ḥóled (m.) eller ḥuldá (f) tyder mest truleg ‘snømus’ (lat. Mustela nivalis).

Sitat

Misjná Pesaḥím 1:2

אין חוששין שמא גררה חולדה מבית לבית. וממקום למקום. (ד)אם כן מחצר לחצר. ומעיר לעיר. אין לדבר סוף׃

Ikkje treng de vara redde for at ein ḥuldá kan ha drege med seg (ḥaméṣ) frå hus til hus, eller frå stad til stad (att, etter at leitinga var over); for om så, (kunne ein like gjerne ha sagt) frå tun til tun og frå by til by, (og det hade) ikkje vore ende på saka.

Namnet Ḥuldá

Ḥuldá kan òg bli bruka som kvinnenamn. Den mest kjente namneberaren er Ḥuldá hannebi’á — ein av de sju kvinnelige profetane.