Åfjordsbåt

Frå Alnakka.net

Gå til: navigering, søk
Åfjordsbåten «Skårungen».
Foto:«Dovendjur»

Ein åfjordsbåt eller åfjording er ein tradisjonell open, spissgatta ro- og seglbåt frå Fosen, Namdalen og området kring Trondheimsfjorden. Namnet «åfjordsbåt» kjem av at den viktigaste plassen der dessa båtane har vorte bygd er Åfjorden i Fosen. Typiske trekk for åfjordsbåten, som på Nordmør gjerne blir kalla grisbåt, er lang og grunn kjøl og rette og bratte stamnar. Åfjordsbåtane er tradisjonelt rigga med eit relativt høgt og smalt, symmetrisk råsegl. De störste båtane kan ha eit toppsegl òg.

Åfjordsbåten er ein relativt moderne båttype som trulig vart utvikla kring 1700-talet. Före den tida ser det ut til at geitbåtar av nordlig type vart bruka der åfjordsbåten seinare slo gjenom. Utover 1800-talet og innpå 1900-talet vart åfjordsbåten etterkvart vanlig heilt sørvest til Smøla på Ytre Nordmør.

Personlige verkty